Dette er den mest elskverdige og respektable, samt fornøyelige meeeg!!

søndag 6. februar 2011

Fortelling

Det var ingen der
Dei gamle, grå husa låg øvst i skogbrynet. Den litle klynga av forfalne bindingsverkshus såg ut som at dei ein gong hadde vore ei nokså livleg og idyllisk bygd. No kunne ein berre sjå nokre forfalne små gardshus tida hadde herja med. Bygda var omkransa av uhyggelege fordreia skikkelsar som vingla fram og tilbake kvar gong eg tok eit steg nærare. Da eg kom enda nærare på kunne eg med visse konstatera at bygningane var gamle. Eg blei meir og meir nysgjerrig på kva som hadde skjedd.

Eg nærma meg eit av husa og så på utsida med undrande auge. Bindeverket var nesten løyst opp. Muggent strø, som var dekka av fleire lag med elde, var det einaste som var att av utsida på ein eingong så vakker bustad. Likevel syntes eg det var merkeleg i kor god stand huset eigentlig var. Eg prøvde å sjå kva som var innanfor eit av vindauga. Det var nyttelaust. Vindauget var så skitent at det såg ut som at det ikkje var laga for å sjå igjennom. Eg vart nysgjerrig på kva eg kunne finna inne i dette huset. Tenk om det var noko verdfullt der inne? Det kunne vel ikkje bli sett på som steling viss eg tok noko. Det var jo ingen som eigde bustaden lengre .

Det knirka forferdeleg da eg prøvde å koma meg gjennom den sprukne døra. Da eg først var innafor blei eg sjokkert av kor godt inventaret hadde halde seg i forhold til utsida. Det såg nesten ut som om det berre var nokre dagar sia huset var forlatt. Trepanel dekka romma frå golv til tak. I eit av romma fant eg nokre tomme senger og ei lita vogge.  I eit anna rom står det eit stort bord av eik omkransa av nokre mindre fine stolar. Stilen på møblane var gamaldags. Rommet var sikkert blitt brukt til å eta i. Eg kunne sjå for meg familien da dei satt der. Eg såg meg vidare rundt i den litle bustaden, som berre hadde tre rom. Den var blitt forlatt i hast og dei fleste tinga sto att. Yttarst i kroken i soverommet var det ein gløymt kommode. Der fann eg nokre slitte klede som opplagt måtte vera frå dei førre hundre år. Eg byrja å fundera på kva slags familie som hadde budd her. Korleis var livet deira? Var dei lykkelege, men viktigast av alt kor blei dei av? Det var ikkje innlagt vatn eller elektrisitet. Det var heller ikkje spor etter mat. Det tyda på at huset måtte ha blitt forlatt for veldig lenge sia. I kanskje eit hundre år eller meir.

Dei andre husa var akkurat som det eg nett hadde vore i. Alt hadde blitt forlatt i all hast og det for lenge sia. Heller ikkje her fann eg noko mat. Nokre av husa var større, meir utstyrte og meir dekorerte enn dei andre, men alle var gamle - skikkeleg gamle. No skal eg vel ikkje akkurat kalla meg sjølv for ekspert, men dette var gamalt. Kor hadde dei alle reist? Det kunne eg vel undra meg om til eg ein gong verkeleg slo rot. Eg er djupt inni tankane om kva eg skal gjere da det nappar i lina. Eg veit eg må opp. Med eit fast fråspark sym eg opp til overflata.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar